Kontakt oss

Aktive Fredsreiser
Fredshuset,
Kranvn 4B,
4950 Risør

tlf 371 53 900
mob 95 23 81 99

Send epost til oss



Møte med borna frå Lidice

Tekst og foto: Ivar Longvastøl

Lidice i Tsjekkia:

Borna ved LidiceEin flokk tsjekkiske born og ungdommar med draumar og håp om eit langt og lykkeleg liv, akkurat som hjå elevane frå Naustdal som nyleg besøkte den vakre, grøne dalen som fram til 9. juni 1942 var ein levande landsby. Lidice

Minnesmerket over dei 88 borna som brutalt vart myrda av Adolf Hitler, og hans medhjelparar, gjorde eit sterkt inntrykk. I 1942 vart dei tvinga inn i godsvogner og frakta som kveg til Polen. Inne i vognene møtte dei døden, gassa i hjel med eksos.

I hellinga er det satt opp skulpturar av mange av borna frå Lidice, forma i metall fra gruvene like ved, der mange frå landsbyen ein gong arbeidde. Eit klassebilete som var teke like før tragedien råka, har gitt kunstnaren eit godt utgangspunkt for arbeidet.
Fortvilinga står likevel å lese i blikka deira. Samstundes er det litt trøyst å finne slik dei står tett saman, der dei eldste prøver å ta vare på dei yngre.
Kvar gong det er samla inn nok pengar, vert det laga ein ny skulptur av eitt av ofra frå Lidice.

Borna frå Lidice: - Eg såg ansikta deira kor håplaust alt var. Anne Karen Røyrvik (f.v), Janne Seljevoll og Tore Klopstad, alle 15 år, vart ståande lenge ved minnesmerket

Mål: Utsletting

Marerittet tok til då Reinhard Heydrich, nazimaktas riksprotektor i Praha, vert drepen av tsjekkiske agentar som hadde kome over frå England. Berre ein mistanke om at nokon av innbyggjarane i Lidice stod i leietog med agentane, var nok til at landsbyen vart omringa av politi, Wehrmacht og Gestapo. Dagen etter vert alle mennene ned til 16 år avretta ved skyting.
Kvinner og born. Frå 88 år til to veker gamle, vart samla i ein skule like ved. Borna vart grundig registrerte, med spesiell interesse for for ansiktstrekk og fargen på auger og hår. Dei 22 som var lyse i håret og hadde blå auger vart teken hand om av Himmlers organisasjon Lebensborn, og sende til familiar i Tyskland. Resten vart rivne ut av hendene til mødrene sine og frakta i døden. Kvinnene kom til Hitlers store kvineleir ved Berlin, Ravensbrück. Mange av dei overlevde i håpet om om at dei ein dag skulle få møte att borna frå Lidice, men dei fann berre eit fåtal.

Meiningslaust

Då 32 tiendeklassingar og 22 vaksne fra Naustdadl besøkte Lidice, vart tre elevar ståande igjen ved skulpturane lenger enn dei andre.

Eg synest ganske synd på dei. Det er heilt meiningslaust å utrydde ein heil by, sier Tore Klopstad

Det kunne ha vore kven som helst som budde der, men det var berre personar som var på feil plass til feil tid, seier Janne Seljevoll.

Eg såg på ansiktsuttrykka til ungane. Eg såg på ansikta deira kor håpløst alt var. Fortell Anne Karen Røyrvik.

Aldri meir

Borna ved Lidice

Det er femte året på rad at Naustdal barne- og ungdomsskule reiser med Aktive Fredsreiser, tidligare Hvite Busser, i fara etter nazismen i Polen, Tsjekkia og Tyskland. Temaet for desse turane er "Aldri meir", der kampen mot rasisme og nazisme i dag også står sentralt. Med Krakow, Praha og Berlin på køyreplanen, er dette også ei fantastisk reise gjennom Europas kultur og historie.
For mange av oss var det lagnaden til borna i Lidice som gjorde sterkast inntrykk. Hitlers plan var å fjerne landsbyen fra jordas overflate, men berre få månader etter utslettinga av den tsjekkiske landsbyen , vart ein liten by i Mexico omdøypt til Lidice. Etterpå har det kome mange små Lidice'ar over heila verda

Ovenstående er gjengitt med tillatelse av Ivar Longvastøl.

Om denne turen  har Naustedal Barne- og Ungdomsskole gitt følgende tilbakemelding:

Kombinasjonen av et viktig og alvorlig tema, det sosiale fellesskapet mellom deltagerne og en flott og lærerik reise gjennom Europas kultur og historie gjorde dette til en stor opplevelse!!