Kontakt oss

Aktive Fredsreiser
Fredshuset,
Kranvn 4B,
4950 Risør

tlf 371 53 900
mob 95 23 81 99

Send epost til oss



Endestasjon

Tuuut
Ferie, trudde me.
Friheit, trudde me.
Godt liv, trudde me.
 Sakte bremsa hjula på dei knirkete skinnene. Framme. Endeleg var me fri. Trudde me.
Trangt om  plassen.  Sjukdom smitta.  Døde kroppar. Tortur. Matmangel.  Utmagring.
Brente  kroppar.  Arbeid dagen  lang.  Ingen pause.  Skot. Blodig   storm.  Frykt. Drap
Pisken slår. Stripete dress. Nummer.                            Kroppen   tåler  ikkje   meir.     
 Håret forsvinn. Ingen klede. Blod.                                   Aleine. Redd. Naken.  Forlatt. Ein dag med gode nyhende kom.                                Rennande vatn venta på oss.
Trudde me.
Stappfullt.
Nakne kroppar.
Borna skrik av frykt.
Me smiler. Seier det går bra.
Endeleg bli rein og fin.
Lyset forsvinn. Panikk.

Det ventande vatnet kjem ikkje.
Gassen sig ned frå taket med drepande intensjonar.

Endestasjon.

Auschwitz

 

Tekst og bilete: Regine Matre Nordheim (17)