|
<<
1 -
2 -
3 -
4 -
5 -
6 -
7 -
8 -
9 -
10 -
11
>>

Dikt
om Polen-tur.
Diktet av Jon.
Tidleg torsdag morgon starta vi på vår
tur.
Over fjellet til Oslo, medan mange tok seg ein lur.
Så byta me buss, og reiste mot Sverige.
Etter ei stund køyrde me om bor i ei ferge.
Etter ei natt på ferga, kom me fram.
Me åt tax-free snop i bussen, NAM!
Me køyrde buss fra tidlig til seint.
I bussen var det ikkje reint.
Sjåføren heitte Johnny, reiselederen
Kristina.
Vi stoppa på landet, og fyllte bensin på fina.
Johnny var ein dansk gammal mann.
Han køyrte oss sikkert gjennom byar og land.
I Polen var det stygge forhold.
Mange heimar var satt rett oppå mold.
Det var mange tiggjarar og uteliggjarar på gata.
Dei sat der i lag, og svelt og prata.
Me kom til Krakow neste kveld.
Der spelte me kort, og fekk spelegjeld.
Me måtte finne ein plass å bu.
Me kom fram til ein bygning, som var større enn ei bu.
Hotellet i Krakow, var kjempeflott.
Sengene gode, maten var god (not)
Byen var fin, butikkene mange.
Gatene var forfalne og lange.
Konsentrasjonsleiren Auschwitz var uhyggjeleg
stor.
Der har minst 2 millionar, sagt sitt siste ord.
Forholda såg umennesklege ut.
Der døde både jente og gut.
Saltgruvene var uendeleg lange.
Statuane der var store og mange.
Me kjøpte souvenirar i fleng.
Salgsmennene såg på oss som ein sløsande gjeng.
Etter dagar i Polen, reiste me til Tyskland.
Der var standarden ein heilt annan.
Etter eit par timar kom me til hovedstaden, Berlin.
Byen var stor, og ikkje så fin.
Dagen etter reiste me til endå ein båt.
Me spelte på spel, og tax-free snop åt.
Om natta budde me på lugar.
Elevane tok seg mang ein sigar.
Endeleg kom e heim til Hermansverk.
Turen hadde vert fin, ikkje noko herk.
Alle gjekk heim for å kvile seg ein smule.
Nokre dagar etter var det på han igjen med skule.

Ruinane.
Diktet
av Kjersti og Silje Marit.
Vi
går mellom ruinane etter krematoria
det ser så fredeleg ut.
Det finnes ingen tegn etter grusomheitane
som vart utførde her,
bortsett frå monumentet.
Korleis
kunne nazistene vere så ufølsomme?
Korleis kunne ein mann få så stor makt?
Kva hadde jødane gjort mot dei?
Dei spørsmåla er det vanskeleg å svare på....
Du
gjekk der....
Diktet
av Nina, Kjersti og Silje Marit.
Du
gjekk der med bare føter
utan livsgnist, utan meining
Du såg dine falle bort og
du kunne ingenting gjera
I
den sleipe gjørma
sloss du for livet
Vi går her, plukkar blomar,
ser oss om, kan det vere sant?
Du
gjekk der med dine førti kilo
i ei fangedrakt så tynn
Du hutra og fraus
i vindkast frå Karpatene
Vi
går her i allversjakker
og støvlar, klagar alt vi kan,
vil tilbake til den varme bussen
og reise vidare
Du
vil aldri gløyme
grusomheitane som vart
utført mot deg og ditt folk
det vil alltid vere med deg....

Minner
om det vonde.
Diktet av Solrun og Eliane
Mange
tårer som drypper, fra uskyldige.
Mange sjeler som sliter, i dødens hus.
Mye hat mot Hitlers makt, over folket.
Mye grusomheter blir gjort, Hitlers ordre.
Mellom smerte og tårer, lever håpet.
Mellom vold og misbruk, herska døden.
Mørket lurer seg inn i brakkene, blant slaver.
Mørket bringer med seg vonde drømmer, og hat.
Mange tårer som drypper, fra uskyldige.
Mange som en gang var fri.
Korleis.
Diktet av Elise.
Mellom skogar og grønt gras
under blå himmel og syngjande fuglar
i brakkenes ruinar ligg mørkret tungt og svart
At blomar her vågar vekse
og spreie si søte duft
Korleis kan fuglane her syngje
i ondskapens kalde luft?
Korleis kan sola her skine
og graset her gro
Kan du ikkje mellom det grøne sjå
den skotne jødes blod?
Så mange mennesker
drept av andres hat og framandfrykt
drept under mørkets teppe tungt og breidt
Millionar av menneskeliv er borte
Dei hadde ein meining kvart einaste eitt
Kanskje var det meininga at menneskeheita
skulle lære av dette
Kanskje døydde dei for oss, for at alt skulle verta
bettre etterpå
lær
Sjå på dine føter i det grøne graset
Kor mange jødar døydde her?
Lær at alle er dine systre og brør
og tenk på at det i natt,
at her i graset døydde din bror
Så korleis kan eit tre her breie si krone
og spreie sine røter i dødens jord?
4
dikt.
Diktet
av Elise
To
mørke øyne i en container
en tynn, krummet hånd som strekker seg mot lyset
Der nede er hans vikelighet, hans liv i fattigdommen
Men han er rik
Han er heldig, han har livet
Og det er varmt i hans container
Et
hardt slag over nakken
Ho ser ned....
plukkar opp moras kropp
Tunge steg på dødens veg
Endå eit liv teke av Hitlers tropp
Ein
mørk bygning fylt av død
Eit mørkt rom fylt av kulde
Ein jødes sjel begravd i mørket
.....døden lagt på minnet.....
Kvart
menneske har si historie
Kvar historie sin veg
Her enda alle vegar
Rommet er stort, mørkt og tomt
det kalde steingolvet har slått sprekkar
Tusenar av vegar snodde seg inn den døra
dit alle vegar enda

<<
1 -
2 -
3 -
4 -
5 -
6 -
7 -
8 -
9 -
10 -
2006
>>
|